Ons
Lettskya
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Sørvest 2.6 m/s 
Trykk: 1012.9
Dato: 23.10.2019
10°
Tor
Regn
Nedbør: 1.4 mm
Vind: Svak vind fra Søraust 2.2 m/s 
Trykk: 1007.3
Dato: 24.10.2019
10°
Fre
Klårvêr
Nedbør: 0 mm
Vind: Laber bris fra Vest-sørvest 5.7 m/s 
Trykk: 1003.8
Dato: 25.10.2019
Lør
Delvis skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Lett bris fra Vest 3.9 m/s 
Trykk: 999.4
Dato: 26.10.2019
Søn
Delvis skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Vest-nordvest 3.1 m/s 
Trykk: 1001.1
Dato: 27.10.2019
Siljan StartSiden Hjem
Vis liste over alle byer
Søk
BilderButikkNyheterSpillVæretWebmailOm Siljan

  
Alle nyheter

Lokal nyheter
Finn Siljan
Jobb Siljan
Leie Siljan
NRK Telemark
Siljan Kommune
TA
Torget Siljan
Varden

Generelle nyheter
ABC Nyheter
Aftenposten
Dagbladet
Dagen
Framtida
Kommentar
Kommunal Rapport
Morgenbladet
Nationen
Nettavisen
NRK
Ny Tid
P4
Panorama
Siste.no
The Norway Post
TV2 Nyhetene
Ukeavisen Ledelse
Uriks
Utrolige Nyheter
Utrop
VG
Vårt Land

Andre nyheter
Altinn
Arbeidstilsynet
Arkivverket
Avinor
BI Handelshøyskolen
Bibliotekarforbundet
Bike.no
BilNorge
Boarding.no
Bonytt
Båtmagasinet
Cappelen Damm
Filmweb
Fjord Norge
Forbrukerportalen
Foreldre
Forskning
Forsvaret
foto.no
Gatebil.no
Helse
Her og Nå
Høgskolen i Bergen
Jenteporten
Kirken
KK
Klar Tale
Klassekampen
Lovdata
Mat
Montages
Mote
Motor
Musikkweb
NAV
Norsk Tipping
Nysgjerrigper
OBOS
Oslo Jazzfestival
Politiet
Regjeringen
Røde Kors
Seher
Seilas
Skatteetaten
Statistisk sentralbyrå
Statnett
Stortinget
Teknisk Ukeblad
Trafikanten
UIA
UIB
UIO
UIT
ut.no
Utdanningsdirektoratet
Vegvesen
Villmarksliv
Wideroe

Økonomi nyheter
Dagens Næringsliv
E24.no
Finans Norge
Finanstilsynet
Hegnar
iMarkedet
NA24.no
NRK Økonomi
Skagenfondene
Økonomisk Rapport

Sports nyheter
Aftenposten Sport
Dagbladet Sport
FotballMagasinet
NRK Sport
VG Sport

IT nyheter
akam.no
amobil.no
Apple
Dagens IT
Datainform
digi.no
DinSide
gamer.no
Gamereactor
Hardware.no
IDG.no
IT-Kanalen
ITavisen
ITpro.no
mac1
online.no
Techworld.no
tek.no
teknofil.no
Teknologi

Fylkes aviser
Adresseavisen
Agderposten
Firda
Fosna-Folket
Framtid i nord
Fædrelandsvennen
Gjengangeren
Namdalsavisa
Nordlys
NRK Buskerud
NRK Hedmark og Oppland
NRK Hordaland
NRK Møre og Romsdal
NRK Nordland
NRK Rogaland
NRK Sogn og Fjordane
NRK Telemark
NRK Troms og Finnmark
NRK Trøndelag
NRK Vestfold
NRK Østfold
Oppland Arbeiderblad
Rogalands Avis
Smaalenene
Sogn Avis
Strilen
Sunnmørsposten
Sør-Trøndelag
TA
Tidens Krav
Troms Folkeblad
Varden
Vestfold Blad

NyheterForrigeForrigeForrigeNesteNesteNeste


Innbrot på SkeiNRK Sogn og Fjordane
Nokon har knust ei rute og brote opp ei dør i ein matbutikk på Skei i Jølster. Politiet har vore på staden for å gjere undersøkingar. Dei har snakka med dagleg leiar for butikken, men kan enno ikkje seie noko om kor mykje som er stole.
2019-10-23 05:25:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Jordras ved KjøsnesfjordenNRK Sogn og Fjordane
Det er meldt om eit jordras som har gått ved Kjøsnesfjorden. Ingen personar, bygningar eller bilar skal ha vorte teken av raset. Raset skal ha gått over Kleivatunnelen og har ikkje hamna i vegbana. ? Vegen vert mest sannsynleg ikkje stengt, seier trafikkoperatør Marius Råve i Statens vegvesen.
2019-10-22 21:28:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Meir fersk fisk NRK Sogn og Fjordane
Fisket etter fersk torsk, hyse og sei held fram med å auke. Så langt i år er totalomsetninga på over 11,25 milliardar kroner. Det er nærare 650 millionar kroner meir enn på same tid i fjor, ifølge tal frå Råfisklaget.
2019-10-22 19:52:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skal utvide for 12 millionar NRK Sogn og Fjordane
Balholm utvidar for 12 millionar, skriv Sogn Avis. Produsenten frå Balestrand skal etter planen utvide fabrikken med om lag 500 kvadratmeter. Med råvarer frå Sogn sender verksemda frå seg 300.000 liter med ferdige produkt kvart år.
2019-10-22 18:06:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ferjesamband innstilt NRK Sogn og Fjordane
Ferjesambandet Lavik-Oppedal vert innstilt frå Lavik 14:50 og frå Oppedal 15:20 på grunn av lading.
2019-10-22 15:27:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil ha fortgang på skipstunnelNRK Sogn og Fjordane
Vestland Frp ber stortingsgruppa om at Stad skipstunnel vert prioritert i Stadsbudsjettet for neste år. Det seier gruppeleiar for Vestland Frp, Terje Søviknes. Prosjektet ligg inne i Nasjonal Transportplan 2018-29, med oppstart i første del av planperioden.
2019-10-22 14:51:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hovland tilbake på landslagetNRK Sogn og Fjordane
Stine Hovland frå Vadheim er tilbake i landslagstroppen til EM-kvalifiseringskampen mot Nord-Irland 8. november. Milan-proffen har vore ute av landslaget sidan fotball-VM i sommar. ? Ho har gjort det bra i Milan, seier landslagssjef Martin Sjögren. Også Elise Thorsnes frå Leikanger er med i troppen.
2019-10-22 14:45:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trur ikkje brann var påsettNRK Sogn og Fjordane
Politiet i Nordhordland trur ikkje brannen i Solund er påsett, men vil førebels ikkje uttale seg om kva som er brannårsaka, skriv Firda. Einebustaden blei totalskadd i brann 30. september.
2019-10-22 13:12:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Helikopter på bakkenNRK Sogn og Fjordane
Dei fleste helikopteravgangane frå Florø er påverka av vêret i dag. Ingen avgangar har teke av så langt i dag, men frå 13.30 er det planlagt at det første helikopteret reiser. Tidlegare i dag har også to fly frå Florø flyplass blitt innstilt.
2019-10-22 12:01:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Må ut å reise i kvartfinalenNRK Sogn og Fjordane
Volleyballforbundet har trekt kvartfinalane i NM-cupen. Damelaget til Førde skal til Trondheim der dei møter NTNUI, medan herrelaget møter BK Tromsø på bortebane. Kampane skal spelast helga 9. - 10. november. Førde vann både dame- og herrefinalen i fjor.
2019-10-22 11:06:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Jølstring med ny juniorrekordNRK Sogn og Fjordane
Kristina Støfring sette ny norsk juniorrekord i vektløfting under eit stemne i Naustdal i helga. Jølstringen, som konkurrerer i 81-kilosklassa, rykka 62 kilo som er forbetring av den norske rekorden med ein kilo. 135 kilo samanlagt er ny rekord med fire kilo.
2019-10-22 10:40:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ferja går som normaltNRK Sogn og Fjordane
Ferja på strekninga Oldeide-Måløy på fv. 616 går no som normalt etter oppsette ruter. Strekninga var i morgontimane stengd på grunn av uver.
2019-10-22 09:53:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

? Må vere rom for kritikkNRK Sogn og Fjordane
Dagleg leiar Rasmus Mo i Sogndal Fotball meiner det må vere rom for kritikk og tykkjer det er bra at folk ytrar meiningane sine. Sundag gjekk trenar Eirik Bakke hardt ut mot sogndølane og kritiserte det han meiner er ein ukultur og uvilje mot laget.
2019-10-22 09:42:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Uver stengjer vegarNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 55 over Sognefjellet er no stengd på grunn av uver, melder Statens vegvesen. Også fylkesveg 243 over Aurlandsfjellet er stengd på grunn av vanskelege køyreforhold.
2019-10-22 09:06:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

? Sjekk båten dinNRK Sogn og Fjordane
Hovudredningssentralen i Sør-Noreg ber alle sjekke båtane sine. Det har blåst opp mot orkan styrke i vindkasta ved Kråkenes fyr i Vågsøy. HRS oppmodar difor alle båteigarar til å sjekke om båtane er godt nok fortøya.
2019-10-22 07:33:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vêret stoppa hurtigrutaNRK Sogn og Fjordane
Storm og grov sjø stansa hurtigruta i morgontimane, skriv Fjordenes Tidende. Nordgåande hurtigrute, MS Richard With, tok ikkje sjansen på å krysse Stadhavet, og dermed la dei seg til kai i Måløy. Her reknar dei med å bli liggande fram til kl. 13.00.
2019-10-22 07:11:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengd ferjestrekningNRK Sogn og Fjordane
Ferjestrekningen Oldeide ? Måløy på fylkesveg 616 er stengd grunna uvêr, melder Statens vegvesen. Elles er det førebels roleg rundt omkring i fylket, melder vegtrafikksentralen.
2019-10-22 06:47:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tekniske problem i NRKNRK Sogn og Fjordane
NRK vart måndag råka av tekniske problem. Det kan føre til problem med å høyre podkastar og det kan også ramme appane NRK TV og NRK Radio. TV- og radioprogramma går som vanleg. Også Tekst-TV har blitt ramma.
2019-10-22 04:55:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nærmar seg heving av bilNRK Sogn og Fjordane
Bilen til mannen som omkom etter å ha vert teken av eit ras i Jølster i slutten av juli, kan snart sjå ut til å verte heva opp av Jølstravatnet. ? Anbodsprosessen er gjennomført, og saka er av høg prioritet, seier Arne Johannessen i Vest politidistrikt.
2019-10-21 21:06:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Får kyrkjetårn ? 300 år etterNRK Sogn og Fjordane
Ålfoten kyrkje i Bremanger, som vart bygd i 1678, planlegg å byggje eit kyrkjetårn, skriv Fjordenes Tidende. Ifølgje avisa skal elevar frå Stryn vidaregåande skule hjelpe til med å montere tårnet til kyrkja.
2019-10-21 19:01:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mista hjulNRK Sogn og Fjordane
På Riksveg 5 Naustadalsvegen mellom Førde og Naustdal, har ein bile mista eit hjul, opplyser politiet på Twitter. Det er meldt om mykje kø i området. Politiet er på veg og bilbergar er rekvirert. Uhellet skal ha skjedd ved Fureneset.
2019-10-21 16:45:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil ha Rotevatn som leiarNRK Sogn og Fjordane
Fleire partilag vrakar no leiartrioen i Venstre. Bergen Venstre vil at Sveinung Rotevatn skal leie Venstre i staden for Trine Skei Grande, skriv BT. Leiar Jo Lerheim seier at dagens leiartrio ikkje fungerer og at dei difor har lagt ein ny leiarkabal.
2019-10-21 14:30:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vita-kjeda er konkursNRK Sogn og Fjordane
Cosmetic Group, som eig dei to kosmetikkjedene VITA og Loco, er konkurs. Dette råkar 200 butikkar med 1000 tilsette, melder NTB. Her i fylket er det fire Vita-butikkar, ein i Florø, to i Førde og ein i Sogndal, skriv Firdaposten. Styret håper heile eller deler av verksemda kan drivast vidare.
2019-10-21 10:30:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Militærøving påverkar trafikkenNRK Sogn og Fjordane
Ei stor militærøving med over 1000 soldatar kan påverke trafikken denne veka. Heimevernet varslar øvingsaktivitet og militærtrafikk langs vegane frå Sogndal til Førde og Florø. Nordfjordeid, Grodås, Stryn og Måløy blir også nytta til trening.
2019-10-21 09:42:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tiltalt etter ulukkeNRK Sogn og Fjordane
Ein mann er tiltalt etter ei trafikkulukke i Årdal i mars, skriv Sogn Avis. Tre personar vart sende til sjukehus etter ulukka i Naustbukttunnelen. Sjåføren er tiltalt for å ha køyrt for fort og må møte i tingretten i januar.
2019-10-21 08:35:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

25 positive prøvarNRK Sogn og Fjordane
Om lag 90.000 hjortedyr har blitt testa for skrantesjuka sidan 2016, skriv NTB. 25 av prøvane er positive, ifølge Veterinærinstituttet. Trass dette presiserer landbruksdepartementet at situasjonen framleis må overvakast.
2019-10-21 08:13:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gav mest blant fylkaNRK Sogn og Fjordane
Med dryge 46 kroner gav den gjennomsnittlege innbyggaren i Sogn og Fjordane mest av alle til TV-aksjonen, som i år gjekk til Care Norge. Pengane går til å hjelpe kvinner ut av fattigdom i nokre av dei mest sårbare områda i verda.
2019-10-21 05:36:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Førde vann thrillerNRK Sogn og Fjordane
Maria Ullebust Oppedal og Lara Zidek sette inn seks mål kvar då handballjentene til Førde tok sin andre siger for sesongen. Rælingen leia 12-10 til pause, men sunnfjordingane snudde kampen etter kvilen og vann til slutt 26-25 i Marikollhallen.
2019-10-20 20:13:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Seriemeister med sin tredje klubbNRK Sogn og Fjordane
Elise Thorsnes frå Leikanger vart seriemeister for fjerde gang, då LSK kvinner for sjette året på rad sikra tittel i Toppserien. Det gjorde dei med 2-2 borte mot Kolbotn. Thorsnes vann serien første gang i 2009 med Røa, noko dei også gjorde i 2011. 31-åringen vann i tillegg serien i 2013 med Stabæk.
2019-10-20 18:53:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tre millionar til FloraNRK Sogn og Fjordane
Fylkesmannen har fordelt resterande potten av skjønnsmidlar. Sogn og Fjordane fekk vel seks millionar. Av dette går halva til Flora, medan Hyllestad og Jølster får kring ein halv million. Årdal får 900.000, medan Naustdal får 1,1 million.
2019-10-20 16:35:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kaupanger rykkjer nedNRK Sogn og Fjordane
To raske Åsane-mål like før slutt mot Amazon Grimstad vart spikeren i kista for damelaget til Kaupanger. Etter 0-1 heime for Medkila måtte Åsane tape sin kamp for at grøntrøyene framleis skulle ha kvalifiseringsplassen innan rekkevidde. Slik gjekk det ikkje. Åsane vann 3-2, og Kaupanger må ned i 2. divisjon.
2019-10-20 15:02:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Arbeidsulukke i FlorøNRK Sogn og Fjordane
Politiet rykka ut til ein fabrikk i Gunhildvågen i Florø etter ei arbeidsulukke der. Ein mann i 30-åra skal ha slått hovudet sitt og vart henta av ambulanse, men skal ikkje vere alvorleg skadd. Politiet opprettar sak og gjer avhøyr av vitne.
2019-10-20 13:50:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil ha fleire hurtigladarar i FlorøNRK Sogn og Fjordane
Rema 1000 på Evja i Florø og BKK har inngått avtale om at kraftselskapet skal setje opp tre hurtigladarar for elbil på parkeringsplassen til matbutikken, skriv Firdaposten. BKK søkjer no til kommunen om å få setje opp ladeplassane.
2019-10-20 12:07:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

I handjern og inn i ambulansenNRK Sogn og Fjordane
Ambulansearbeidarar bad i natt politiet om hjelp for å få med seg ein mann, skriv Firda. Då politiet kom la dei mannen i handjern. Mannen var svært full, opplyser politiet, som også måtte bli med til sjukehuset i Førde.
2019-10-20 10:44:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengd E39 like over fylkesgrensaNRK Sogn og Fjordane
To bilar har kollidert på E39 ved Damfosstunnelen i Austefjorden i Volda. Luftambulansen har vore på staden. Vegen går mellom Volda og Nordfjordeid, og er no stengd. Politiet melder at det skal ha vore glatt på staden.
2019-10-20 10:09:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

? Leikanger blir ikkje svekkaNRK Sogn og Fjordane
Sjølv om dei 100 nye jobbane i vegadministrasjonen i Vestland skal finnast i heile storfylket, kjem ikkje det til å svekke Leikanger sin posisjon, seier Noralv Distad (H) til Sogn Avis. ? Det er viktig å ha eit breitt miljø med høg kompetanse. Det har me i Leikanger, og det er viktig at dette miljøet ikkje vert svekt, seier han.
2019-10-20 09:10:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil ha Bjørlo som nestleiarNRK Sogn og Fjordane
Troms og Finnmark Venstre vil ha påtroppande Stad-ordførar Alfred Bjørlo som ny nestleiar, skriv VG. Avisa siterer «kjelder med innsikt i prosessen». Partiet skal velje ny leiartrio på landsmøtet i april.
2019-10-19 20:30:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bil utfor vegenNRK Sogn og Fjordane
Ein bil har køyrt utfor vegen på riksveg 15 ved Bjørhovde i Eid. Føraren er vaken og har vore åleine. Han skal ha meldt om smerter i ryggen, og er teken til sjukehuset i Førde med luftambulanse, opplyser politiet. Trafikken kan passere på staden.
2019-10-19 19:56:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mot nedrykkNRK Sogn og Fjordane
Siri Nordeide Grønli frå Høyanger går mot nedrykk frå Toppserien i fotball. Ho spelar for Stabæk, som no ligg seks poeng bak kvalik-plassen. Med berre to kampar att og ein svak målforskjell, har det å redde plassen blitt ei rein teoretisk øving.
2019-10-19 19:52:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ni tekne med for høg fartNRK Sogn og Fjordane
Under ein fartskontroll i ei 80-sone på Klavelandet i Flora, fekk ni sjåførar forenkla førelegg, skriv politiet. Den høgaste farta som blei målt var 99 km/t.
2019-10-19 19:35:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hastar med meir kraft til kystenNRK Sogn og Fjordane
Leiar av Energiregion Møre, Bengt Endreseth, seier bygginga av kraftlina mellom Sogndal og Ørskog skulle vore vidareført ut til kysten. Statkraft har varsla at dei skal legge fram løysing på ny krafttilførsel til våren.
2019-10-19 16:27:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Florø tapteNRK Sogn og Fjordane
Utan mykje å spele for, tapte Florø 2?0 borte mot Asker i årets nest siste kamp i 2. divisjon. Laget spelar i 2. divisjon også neste sesong.
2019-10-19 15:03:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Heldt fram å køyre utan lappenNRK Sogn og Fjordane
Sjølv om sunnfjordingen mista lappen, heldt han fram med å køyre både bil og lastebil. Ved eitt høve stakk han av frå politiet, krasja i ein bil og køyrde vidare. To år etter har han no fått 10.000 kroner i bot. Han slepp å sone 60 dagar i fengsel om han ikkje gjer nye lovbrot dei neste to åra.
2019-10-19 13:37:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Siktar høgare enn gullNRK Sogn og Fjordane
Stryningen Johannes Thingnes Bø (26) vann det som var å vinne i verdscupen i fjor. I år går fødselen til kona Hedda framfor alt. ? Det er det største i livet, større enn ei gul trøye, OL og VM, seier han til VG. Paret ventar sin første son i januar, ein månad som er den viktigaste månaden for førebuinga til VM.
2019-10-19 10:01:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vêret i dagNRK Sogn og Fjordane
Det er venta austleg bris, på kysten nordaust frisk bris, nord for Måløy auke til liten kuling, sterk kuling nær Stad. I indre strok enkelte regnbyer, elles stort sett opphaldsvêr og periodar med sol. Oppdatert vêrvarsel får du på yr.no.
2019-10-19 08:41:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Telenor takka nei til netthjelpNRK Sogn og Fjordane
Då uvêr slo ut fiber og mobilnettet til Telenor i Jølster 30. juli, takka dei nei til Enivest om å kople seg til deira uskadde fiber. Til Firda seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor at dei meinte det tok kortare tid å reparare eige nett, enn å kople seg til Enivest sitt.
2019-10-19 08:24:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Laksesmolt døyddeNRK Sogn og Fjordane
Mesteparten av dei 400.000 laksesmolten som vart sett ut i det nye og omstridde anlegget ved Silda har døydd, skriv Fjordenes Tidende. Dagleg leiar i Blom Fiskeoppdrett, Øyvind Blom, seier det er ei gåte korleis smolten døydde.
2019-10-18 21:59:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
2019-10-18 18:42:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikkulukke i GaularNRK Sogn og Fjordane
Ein bil har køyrt inn i eit autovernet ved Myrmel i Gaular. Ein person er ute av bilen og skal vere uskadd, skriv politiet. Trafikken går forbi staden utan problem.
2019-10-18 16:09:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Grotle valt til ordførarNRK Sogn og Fjordane
Olve Grotle (H) er akkurat valt til første ordførar i Sunnfjord kommune med 28 røyster. Eit mindretal på 17 røysta på Helge Robert Midtbø (Ap). Grotle vart valt etter ein debatt der saka om løn til varaordførar vart løfta opp att. Jenny Følling vart valt som varaordførar med same fleirtal. Du kan følgje det første møtet i Sunnfjord kommunestyre her.
2019-10-18 14:07:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brukte 100.000 på opningsfestNRK Sogn og Fjordane
Måløyraidsenteret brukte 100.000 kroner på festen då senteret vart opna i fjor haust. Dette går fram av dokument frå Lotteritilsynet. Kronprins Haakon stod for den offisielle opninga. Måløyraidsenteret treng 9 millionar kroner for å unngå konkurs.
2019-10-18 13:54:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Frifunnen etter dødsulukkeNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 20-åra er frifunnen etter dødsulukka i Raubergtunnelen i Lærdal i mars 2017. Mannen var tiltala for å ha køyrt på ein eldre syklist, som døydde av skadane. Retten kan ikkje sjå at mannen heldt uforsvarleg høg fart, og såleis ikkje kan lastast for ulukka.
2019-10-18 13:20:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opnar for å verte del av leiingaNRK Sogn og Fjordane
Eid-ordførar Alfred Bjørlo opnar for å gå inn i Venstre-leiinga, skriv Klassekampen. Partiet skal velje ny leiartrio på landsmøtet i april neste år, og Bjørlo er nominert av Vanylven-ordførar Lena Landsverk Sande.
2019-10-18 13:12:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tre av ått leiarverv til nordfylketNRK Sogn og Fjordane
Folk frå Sogn og Fjordane får tre av dei åtte leiarverva i nye Vestland fylke. I dei fire hovudtvala er det åtte leiarar og nestleiarar. Alfred Bjørlo (V) blir nestleiar i kultur, idrett og integreringsutvalet. Karianne Torvanger (Ap) og Åsmund Berthelsen (SV) blir leiar og nestleiar i opplæringsutvalet.
2019-10-18 11:34:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trefelling kosta dyrtNRK Sogn og Fjordane
Stryn kommune må betale 40.000 kroner i erstatning etter trefelling, skriv Fjordingen. Eit kommunalt område blei rydda av kommunen for å betre sikta i eit vegkryss ved ein eigedom. Ved ein feil blei tre bjørker på naboeigedommen også saga ned.
2019-10-18 10:25:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sel kveite på HarrodsNRK Sogn og Fjordane
Kveite frå Ortnevik blir seld på det eksklusive varemagasinet Harrods i London, skriv avisa Ytre Sogn. Kiloprisen ligg på rundt 1000 kroner. ? Sjølv om vi snakkar om eit avgrensa volum, så har det stor betydning at Harrods har valt å ta inn produktet vårt, seier Ole Kristian Hess-Erga i Sogn Aqua.
2019-10-18 10:19:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Problem på Lavik ? OppedalNRK Sogn og Fjordane
Reiarlaget Norled opplyser at rute C på ferjesambandet Lavik ? Oppedal er innstilt inntil vidare frå avgangen klokka 09.50.
2019-10-18 09:48:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Årdøl kjempar om opprykkNRK Sogn og Fjordane
Årdøl og fotballspelar Edin Øy kjempar om opprykk til Superettan i Sverige. Saman med laget Ljungskile feia han unna all motstand i svensk andredivisjon, skriv Porten.no. Øy har ikkje spelt så mykje denne hausten, og er usikker på om han blir Superettan-spelar til neste år.
2019-10-18 09:36:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikkulukke ved FlatraketNRK Sogn og Fjordane
Ein bil har køyrt i støypekanten på fylkesveg 618 på Seljeneset ved Flatraket. Politiet melder at sjåføren var åleine i bilen, og at det ikkje skal vere snakk om alvorleg personskade. Trafikken går greitt forbi staden.
2019-10-18 08:04:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fekk plass i formannskapetNRK Sogn og Fjordane
Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) har fått plass i formannskapet i Lærdal. Ho stod på ein 16.-plass på lista til kommunevalet. Men sidan ho er medlem i utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget seier Navarsete at ho er budd på mykje fråvær frå formannskapsmøta.
2019-10-18 07:51:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vraka som idrettsleiarNRK Sogn og Fjordane
Nils R. Sandal frå Gloppen er vraka som leiar av idrettskrinsen i valnemnda sitt forslag til nytt hovudstyre i Vestland idrettskrins. Valnemnda ønskjer i staden Ole Hope frå Bergen. Nemnda var delte i synet på leiarvalet og leiaren si dobbeltstemme avgjorde tilrådinga. Det endelege valet skjer 9. november.
2019-10-18 07:38:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trøbbel for ferjeNRK Sogn og Fjordane
Rute A på ferjesambandet mellom Dragsvik-Hella-Vangsnes er innstilt. Fjord1 opplyser om at det er tekniske problem.
2019-10-18 06:14:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bønder klagar på avslagNRK Sogn og Fjordane
Bøndene i Hyllestad, Fjaler og Høyanger klagar på avslaget om å utvide fellingsløyve på ulv i området. Dei viser til at det ikkje skal vere ulv i fylket. Ein ulv har sidan i fjor sommar teke fleire dyr i området. Men fylkesmannen meiner skadepotensialet er lite, no som sauene er komne i hus. Difor blir ikkje siste fellingsløyvet utvida.
2019-10-17 21:39:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hadde sin siste dag som ordførarNRK Sogn og Fjordane
Etter over 17 år som ordførar, gjekk Arild Ingar Lægreid i dag av som Årdal-ordførar. Etter fire periodar blir han no pensjonist. Til Sogn Avis seier Lægreid at han aldri såg føre seg at det skulle bli 17 år som ordførar.
2019-10-17 21:10:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 20.55NRK Sogn og Fjordane
2019-10-17 20:53:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
2019-10-17 18:47:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ferska både på tur og returNRK Sogn og Fjordane
To gonger på like mange februardagar vart bilføraren frå Sunnfjord teken i alt for høg fart i 80-sona på riksveg 5 ved Fodnes i Lærdal. På veg sørover vart han målt til 96 km/t. Dagen etter vart han målt til 115 km/t på returen. No har han godteke ei bot på 12.500 kroner. Førarkortet får han att i slutten av oktober.
2019-10-17 18:04:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har oppklara brannstiftingNRK Sogn og Fjordane
Eldpåsetjinga i og ved Flora barneskole i førre veke er oppklara. Det skriv Firdaposten. Etterforskingsleiar Kåre Toreid ved Flora politistasjon seier at det er fleire mindreårige gjerningspersonar som står bak hendinga. Saka blir sendt vidare til konfliktrådet for handsaming, og barnevernet for oppfølging.
2019-10-17 17:39:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tunnel opna etter stengingNRK Sogn og Fjordane
Gudvangatunnelen på E16 i Aurland er opna att. Tunnelen var ein periode stengd på grunn av ein laus gjenstand i tunneltaket.
2019-10-17 17:05:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gudvangatunnelen stengdNRK Sogn og Fjordane
Gudvangatunnelen på E16 gjennom Aurland er stengd, melder Statens vegvesen. Det skal henge ein laus gjenstand ned frå tunneltaket.
2019-10-17 16:15:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Førebur leiteaksjon i AurlandNRK Sogn og Fjordane
Politiet mobiliserer for ein mogleg leiteaksjon i Aurland, skriv Sogn Avis. Politiet har ikkje formelt motteke ei saknamelding, men trur ein utanlandsk turist kan vere i området. Til NRK fortel politiet at dei førebur seg for å raskt kunne setje i gang ein leiteaksjon dersom naudsynt.
2019-10-17 12:05:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Innstilte ferjeturarNRK Sogn og Fjordane
Ferjeturane frå Lavik klokka 09.50 og 10.20 frå Oppedal er innstilte. Reiarlaget Norled seier dette skjer på grunn av rokering av ferjene.
2019-10-17 09:45:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kokepåbod opphevaNRK Sogn og Fjordane
No treng ikkje årdølene koke vatnet lenger, det melder kommunen sjølv. Kokepåbodet råka berre dei som fekk vatnet sitt frå høgdebassenget i Geisdalen. No er prøvane klare, og vatnet kan trygt drikkast utan koking.
2019-10-17 09:35:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Pris til VilnesNRK Sogn og Fjordane
Artisten Vilnes frå Askvoll er kåra til årets mannlege artist i Radio Wigwam Awards i England. Det er stasjonen Radio Wigwam som arrangerer konkurransen, og dei deler ut totalt elleve prisar.
2019-10-17 07:31:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Må ta grep etter fiskeNRK Sogn og Fjordane
Fritidsbåtar på jakt etter oppdrettslaks fører til at Hydro i Høyanger må ta grep, skriv Ytre Sogn. Laksefiskarar må spørje portvakta til Hydro viss dei skal fiske ved hamna. 17.000 laksar rømde førre månad.
2019-10-17 07:00:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
2019-10-16 20:53:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trond Mohn gir pengar til hallenNRK Sogn og Fjordane
Forretningsmannen Trond Mohn frå Bergen gir 10 millionar kroner til bygging av den nye idrettshallen i Bygstad, skriv Firda. No manglar det berre 4,5 millionar kroner før hallen er fullfinansiert. Mohn ventar at kommunen løyver desse pengane, skriv avisa.
2019-10-16 20:24:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
2019-10-16 18:48:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Får ikkje forlenga fellingsløyvetNRK Sogn og Fjordane
Fylkesmannen vil ikkje forlenge fellingsløyvet på ulven som herjar i ytre Sogn og Sunnfjord. Årsaka er at sauene no er komne i hus. Fellingsleiar Stein Mortensbakke er ueinig i avgjerda. Han seier at det for tida er 150 hjortejegerar på post i skogen og at det difor er den rimelegaste og beste løysinga å ta ulven no.
2019-10-16 15:47:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Permitterer tilsetteNRK Sogn og Fjordane
Geværskjefteprodusenten GRS Riflestock i Hornindal har siste halve året permittert seks av dei 18 tilsette, skriv Fjordingen. Dagleg leiar Oscar Haugen seier årsaka er kort ordrehorisont grunna sesongsvingingar, noko som er normalt på denne tida av året.
2019-10-16 15:36:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Varmt på VestlandetNRK Sogn og Fjordane
Dei som frys lett kan glede seg i dag. 14 grader er venta somme stader på Vestlandet, melder Meteorologisk institutt.
2019-10-16 11:21:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dagny til MalakoffNRK Sogn og Fjordane
Den populære artisten Dagny er klar for Malakoff neste år. Også bandet Drittmaskin er klart. Festivalen blir halden 16.?18. juli på Nordfjordeid.
2019-10-16 10:24:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tiltalt for valdtektNRK Sogn og Fjordane
Ein mann frå Sogn og Fjordane er tiltalt for valdtekt av ei jente, skriv Firda. Valdtekta skal ha skjedd då jenta var fem år gamal. Mannen er også tiltalt for å ha lasta ned over 1000 bilde som viser «framstilling som seksualiserer barn».
2019-10-16 08:19:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fleire vil ha passNRK Sogn og Fjordane
Ved lensmannskontoret i Vågsøy har dei opplevd ein stor auke i folk som vil ha pass den siste tida. Det skriv Fjordenes Tidende. Passtenesta i Vågsøy vert lagt ned 1. november, og det ser ut til at fleire vil sleppe reisevegen til Eid, som blir næraste passkontor, for å fornye passet sitt.
2019-10-16 06:28:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

E39 open attNRK Sogn og Fjordane
Jernfjelltunnelen på E39 i Gulen er no open att, etter at tunnelen vart stengd då ein personbil fekk motorstopp. Det vil bli ei kort stenging att medan bilen blir berga ut av tunnelen.
2019-10-15 20:17:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

E39 stengd i GulenNRK Sogn og Fjordane
Jernfjelltunnelen på E39 i Gulen er stengd. Ein personbil har fått motorstopp, og bilbergar er på veg. Tunnelen blir ikkje opna før bilen er berga ut av tunnelen, melder Vegtrafikksentralen.
2019-10-15 19:31:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 18.50NRK Sogn og Fjordane
2019-10-15 18:44:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lastebil sperra for trafikkenNRK Sogn og Fjordane
E39 er open mellom Byrkjelo og Sandane etter at ein lastebil stod fast i Prestesvingane. Statens vegvesen melder om at det framleis er noko kø på staden.
2019-10-15 17:59:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Innstiller avgang på Lavik-OppedalNRK Sogn og Fjordane
Ferjeavgangane klokka 17.40 frå Oppedal og klokka 18.10 frå Lavik på E39 blir innstilt på grunn av lading, melder Vegtrafikksentralen.
2019-10-15 17:57:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Langar ut etter NM-endringNRK Sogn og Fjordane
Då arrangøren flytta helgas NM i terrengløp to timar for at Henrik Ingebrigtsen skulle få stille på startstreken, gjorde det at Eli Anne Dvergsdal ikkje rakk løpet. Det skriv Dagbladet. I staden for løp, og første forsøk på kvalifisere seg til nordisk, vart det bomtur til Oslo. ? Ganske bortkasta, seier jølstringen til avisa.
2019-10-15 13:01:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Formelt vald som fylkesordførarNRK Sogn og Fjordane
Jon Askeland (Sp) er formelt vald som den første fylkesordføraren i Vestland fylkeskommune. Det nye fylket har sitt første fylkesting i dag og du kan sjå møtet direkte her. Fylkesordførar for Hordaland, Anne Gine Hestetun (Ap) gav blomster.
2019-10-15 12:22:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sa feil i første møteNRK Sogn og Fjordane
I dag har Vestland fylke sitt første fylkesting. Då avtroppande fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun (Ap), skulle dele ut pins til alle representantane, gjekk det litt gale med ein gong:
2019-10-15 12:09:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opptur etter nedtur for FlåmsbanaNRK Sogn og Fjordane
Etter fem månader med færre passasjerar, ser oktober ut til å ende med rekordtal for Flåmsbana. Det melder Sogn Avis. ? Dette er bra. Det er meir trafikk utanom sommarsesongen vi jobbar for, seier Sivert Bakk, dagleg leiar i Flåm Utvikling, til avisa.
2019-10-15 09:06:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Viser 16 sentrale motivNRK Sogn og Fjordane
I kveld blir det nye fylkesordførarkjedet overrekt Vestland fylke sin første fylkesordførar, Jon Askeland (Sp). Fjordsylv og biletkunstnar Åse B. Dale har samarbeidd om kjedet. Blant 16 motiv i kjedet finn ein Urnesportalen, Bryggen, bruer, tunnelar og fjordingen.
2019-10-15 08:15:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Køyrde av vegen i fyllaNRK Sogn og Fjordane
Sunnfjordingen tok siste slurk i 05-tida om morgonen. Like etter, med ein promille på 1,63, sette han seg i bilen. No er mannen i 20-åra dømd til fengsel i 24 dagar etter utforkøyringa i september i år. Han må også betale 42.000 kroner i bot og klare seg to og eit halvt år utan førarkort.
2019-10-15 07:36:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ventetid på E16 i SognNRK Sogn og Fjordane
Grunna vedlikehaldsarbeid må bilistar på veg gjennom Lærdal bu seg på ventetid ved Borgundtunnelen. Statens vegvesen opplyser at det blir arbeidd mellom klokka 09 og 13. Bilistar må vente på følgjebil. Kolonnetidene er tilpassa rutegåande trafikk.
2019-10-15 07:18:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Satsar på tang og tareNRK Sogn og Fjordane
Firda Seafood vil gro tang og tare i Gulen, skriv porten.no. No har dei søkt fylkeskommunen om løyve til akvakultur av andre artar enn laks, aure og regnbogeaure. Firda Seafood vil bruke oppdrettsanlegg der det no er ledig kapasitet.
2019-10-14 21:32:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 20.55NRK Sogn og Fjordane
2019-10-14 20:51:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen i opptakNRK Sogn og Fjordane
2019-10-14 20:24:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Auke i flytrafikkenNRK Sogn og Fjordane
Flytrafikken til og frå Florø auka med 17 prosent i september samanlikna med same månad i fjor, skriv Firdaposten. Totalt var det 13.700 personar som reiste til og frå flyplassen. På Sandane var det ein auke i passasjertalet med 13 prosent, medan trafikken gjekk ned både i Førde og Sogndal.
2019-10-14 20:10:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Siljan StartSiden - Nyheter fra NRK Sogn og Fjordane







Denne tjenesten er levert av ActiveSystems.